24.6.19

Hartvig Sætra og Populismen i norsk sosialisme (1971)



Prosa nr. 2 2019.


I Prosa nr. 1 2019 har Eirin A. Betten nylese Erik Dammanns Fremtiden i våre hender frå 1972. Ho finn at den grunnleggjande innsikta i verket framleis gjeld, og undrar seg: "Hva har gått galt når en snart 50 år gammel bok om miljøspørsmål like gjerne kunne ha vært skrevet om dagens situasjon?" Svaret vert gjeve lakonisk i ein annan norsk miljøklassikar som snart rundar 50 år, Hartvig Sætras Populismen i norsk sosialisme frå 1971: Politikarar som tør utfordre egoismen til eit folk som er skjemd bort av velstand, vert ikkje attvald.[1]
Med dette verket ville Sætra mane til kamp mot konsumdrive velferdssamfunn, utbytting av fattige og akselerenda natur- og miljøøydelegging. Det ville vere ein avgjerande solidaritetskamp, òg innafor arbeidarklassens organisasjonar:

Kampen for eksistensen er ein ting – kampen for likeverd er noko anna – men begge er ein del av ein større heilskap. Kampen for likeverd blir førd av arbeidsfolk i dei land der den nakne biologiske naud er avskaffa. Det er viktig at denne kampen blir førd på ein slik måte at dei krav ein stiller, ikkje kjem i motstrid til deira interesser som må kjempe for sin fysiske eksistens frå dag til dag. Heller ikkje må vår kamp for medstyringsrett over kapitalen gå på tvers av ufødde slekters ve og vel – ingen er så makteslause overfor vår styring av ressursane som nettopp dei, skulle ein tru.[2]

For å vinne ein slik kamp, må eit lokalt folkeleg engasjement og eit globalt rettferdsperspektiv smelte saman med økologisk innsikt til ein grøn eller populistisk sosialisme.

Eit liv i strid for natur, miljø og rettferd
Hartvig Sætra (1933-2004) var biolog, og arbeidde som lektor ved Nordreisa vidaregåande skule i Troms i ein mannsalder. Han var ein særs aktiv politisk debattant og forfattar med ståstad på venstresida av norsk politikk. Sætra opplevde stor suksess og etterspurnad med Populismen i norsk sosialisme, som kom ut i revidert utgåve i fleire opplag i 1973 som Den økopolitiske sosialismen.
«Denne boka fekk ein annan lagnad enn eg personleg hadde trudd – to opplag med 6000 eks. er utselt på vel eit år», skriv Sætra i føreordet til det 3. reviderte opplaget. Populariteten gjorde at verket òg kom i svensk utgåve i 1977, Ekologi och socialism. I 1990 tok han den økopolitiske tråden opp att i bokform med Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap.
«Når historia om det idemessige grunnlaget for den norske venstresida skal skrives, må et stort kapittel handle om hans ideer, observasjoner og refleksjoner over sammenhengen mellom natur og samfunn i Norge», skriv Ottar Brox i sitt minneord i Klassekampen 5. mars 2004. Brox legg vekt på at oppveksten i skogsarbeidarmiljøet i Krødsherad i Buskerud hadde gjeve Sætra eit klasseperspektiv som forma haldningane hans i lokale, nasjonale og globale spørsmål livet ut.
Til liks med Ottar Brox høyrde Hartvig Sætra til avantgarden i den folkeleg-intellektuelle rørsla med bygderøter som fornya den norske sosialismen på 1960-talet. Sætra levde som han lærde, og heldt fram som biologilektor i gymnaset i Nordreisa og botanikar med floraen i Reisadalen som spesiale, sjølv om han kunne fått seg ei karriere i meir sentrale strok og institusjonar.[3] Drivkrafta bak den sterke arbeidsinnsatsen hans for natur, miljø og rettferd var då heller aldri karriereambisjonar, skriv Brox, men eit sterkt sosialt engasjement, entusiasme og arbeidsglede.[4]

«All politikk er endra etter Borgström»
Ei sentral inspirasjonskjelde for mange av dei sosiale løysingane på natur- og miljøproblema som Sætra kjem fram til i bøkene om økologi og samfunn, var nettopp Ottar Brox og hans namngjetne Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966.
Ei anna kjelde til inspirasjon var manifestet A Blueprint for Survival som eit trettital internasjonalt kjende forskarar publiserte i januar 1972. Hovudtesen i Blueprint er at menneska må stogge urbaniseringa og metropolmakta, for heller å reorganisere seg i mindre, oversiktlege samfunn. I slike samfunn vert individa sosialt forplikta overfor kvarandre og livbergar seg med omsyn til vilkåra frå natur og miljø i dei nære omgjevnadene.
Viktig vart òg rapporten The Limits to Growth (1972) frå Massachusetts Institute of Technology (med Jørgen Randers som medforfattar). Denne rapporten inneheld fakta og framskrivingar som styrka Sætra i trua på at økologiske tiltak måtte gå hand i hand med rettferdstiltak, slik at ein kunne styre utviklinga mot samfunn i jamvekt, økologisk som sosialt.
Det er nok likevel Georg Borgströms Mat for milliarder (1962) som gjorde sterkast inntrykk på Sætra som økopolitisk sosialist – «all politikk er endra etter Borgström», meinte han.[5] Dette var òg temaet for føredraget «Norsk politikk etter Borgström» som Hartvig Sætra heldt i Det Norske Studentersamfund den 12. oktober 1968. Dette føredraget kan med god grunn seiast å vere eit vendepunkt i Sætras politiske engasjement, og legg viktige premissar for den økopolitiske forfattarskapen hans. Føredraget er trykt som kapittel 2 i Populismen i norsk sosialisme.

Kva er "norsk populisme"?
Bakgrunnen for at Populismen i norsk sosialisme vart til, var at Pax forlag hadde bede Sætra lage ei utdjuping av det venstrepolitiske omgrepet «populisme». I tiåra etter Andre verdskrig vart omgrepet ofte knytt til sosiale og politiske rørsler i land som stod i avkolonialiseringsprosessar. Omgrepet vart òg brukt til å definere nye tendensar i det norske samfunnet: natur- og miljøengasjement, motstand mot sentralisering og mot EEC, medan SF hadde vedteke eit «populistisk» innanriksprogram i 1967.
Når Sætra freistar å lokalisere den norske populismen, gjer han det fyrst ved å gå til Latin-Amerika for å syne kva den ikkje er – korporativisme eller fascisme á la peronismen i Argentina. Sætras positive definisjon av norsk populisme er godt forankra i det breie, folkelege engasjementet i motkultur-tradisjonen frå målrørsla, avhaldsrørsla og arbeidarrørsla. Dessutan i eit globalt solidaritetsperspektiv: "Den norske populismen er generelt sterkt opptatt av fattigdomsproblema i verda, og følgjer her som i andre saker dei radikale straumdraga mellom dei unge, med tradisjonar attende til kretsen omkring Orientering i femtiåra."[6]
Sætra byggjer på Ottar Brox' krav om at den norske populismen skulle vere "ein reaksjon mot den korporativismen som pregar nordisk industri og nordiske bysamfunn etter tretti års sosialdemokratisk "velstandsauke" og klassesamarbeidspolitikk".[7] Her adresserer Sætra særleg samforståinga mellom Høgre og Arbeidarpartiet om å føre Noreg inn i den europeiske økonomifellesskapen EEC, og den felles interessekampen som LO og industrieigarane førde mot det norske landbruket.[8]
Sætra var gjennomgåande kritisk til det sentralistiske DNA/LO-hopehavet og dei fagforbunda som arbeidde for interesser som gjekk på kostnad av primærnæringane i distrikta. Han hadde større sympati med ideen i anarko-syndikalismen om organisering av arbeidsfolk og arbeidsliv ut frå bustad heller enn bransjar, for ved det betre å kunne mobilisere og vitalisere lokalsamfunna.[9] Ein slik organiseringsmåte står i opposisjon til den korporativistiske inndelinga av lokale folkesetnader i yrkesgrupper (som ein kan setje opp mot kvarandre i eit maktspel).

Populisme i praksis
I Populismen i norsk sosialisme er utgangspunktet såleis at norsk populisme må vere ein kampfellesskap mellom dei som vert avmektige av fjernstyring og manipulering av storkapitalen, staten og arbeidslivskorporativismen.[10] Sætra har likevel ikkje ein eintydig definisjon av populisme-omgrepet, kanskje av di dei sosiale og politiske straumdraga i samtida var mange, flyktige og ueinsarta. Samstundes hadde dei noko felles: protesten mot sentrale sider ved den teknokratidrive samfunnsutviklinga.
Vidare meinte Sætra at dei populistiske rørslene var så orienterte mot praktisk samfunnsendring at "dei av og til har fortapt seg reint i det dagsaktuelle og forsømt det ideologiske ankerfestet".[11] Sjølv er han trygt ideologisk forankra når han legg fram si populistiske prioriteringsliste for ei økonomisk og økologisk rettferdig verd:

1.      Global balanse i den menneskelege økologien gjennom vern om ressursane, familieplanlegging, kamp mot forgifting og destruksjon av naturen.
2.      Desentralisering av makt og eliminasjon av sosiale og geografiske utbyttingsstrukturar.
3.      Pluralistisk samfunnsmønster som legg vekt på trivnad framfor einsidig kultur, på meir opphavlege og fundamentale menneskelege eigenskapar og enkle, ukompliserte liv framfor tilpassing til massesamfunn. Me må leggje større vekt på å skape eit rikt utval av miljø framfor eit rikt utval av varer.
4.      Økonomisk og teknologisk vekst, så sant denne ikkje kjem i strid med punkta 1, 2 og 3.

Sætra såg føre seg ein populistisk allianse av fem grupper til å gjennomføre desse prinsippa: 1. Studentar og venstreorienterte intellektuelle. 2. Venstreorienterte grupper frå fagrørsla. 3. Bygdefolk av alle kategoriar. 4. Idealistiske grupper av ulike slag, med hovudvekt på radikale kristne etter Uppsala-møtet.[12] 5. Kulturelle minoritetsgrupper, med vekt på den nynorske og den samiske minoriteten.[13] 
Om den populistiske alliansen skulle ha suksess, måtte populistane vere konsekvente motstandarar av det teknokapitalistiske systemet (altså vere sosialistar). Dei måtte organisere den lokale kampen på ein måte som gjorde det farleg for politikarane å ignorere krava, og vere lojale mot idear og saker, ikkje mot parti og system. Og så måtte dei vere ubundne sakkunnige som gjennom sin motekspertise utgjorde profesjonelle uroelement på grunnplanet.[14]

«Den urbane fascismen er negasjonen av populismen»
For Sætra utgjorde den kapitalistiske imperialismen sjølve essensen i den økonomiske uretten og dei miljø- og naturkatastrofane som i aukande grad rir folkesetnaden i verda. Dei vestlege verdsmetropolane har næra seg på blod frå distrikta i eigne land og koloniar under fjerne himmelstrok. Kolonialismen vart til ein militær-industriell imperialisme som la verda open for det Georg Borgström identifiserte som «tekno-kapitalismen». Denne utviklinga er grunnlaget for hegemoniet til Google, Amazon og Facebook.
Samstundes favoriserer den økonomiske liberalisme-ideologien fridomane til dei rikaste, medan den innskrenkar fridomen for fleirtalet av oss og komande generasjonar. Og dei rike sit med bukta og begge endene:

Kapitalen har stelt seg svært snedig: Først røvar dei miljøgoda frå allmenningen, og deretter får dei oss til å betale tjuvgodset når dei leverer det tilbake, ved at vanlege arbeidstakarar blir pålagde miljøavgifter, og ved at store delar av skattepengane våre blir brukte til å subsidiere reinsing.[15]

Utbyttingsstrukturen er den same om han er global eller nasjonal: Verdien av landdistrikta er redusert til å stå i teneste for den parasittiske metropolmakta anten ho er stadeigen eller digital; metropolen er herre, distrikta og dei såkalla underutvikla landa er knektar. Det eksplosive konfliktpotensialet i denne innsikta har opprøret til "Dei gule vestane" i Frankrike vist oss, og det er eit utslag av det Sætra nemnar «urbanfascisme» i Populismen i norsk sosialisme:

Den urbane fascismen eksisterer i dag som praksis, og står kanskje rett framfor ein massiv manifestasjon som ideologi. Og den vil vere metropolens ideologi under metropolens krise, akkurat som den «gamle» fascismen var borgarskapets ideologi under deira krise. Den urbane fascismen er negasjonen av populismen, og vil muligens vekse fram som eit svar på ein populistisk frammarsj. I så fall vil den populistiske alliansen bli tvinga over i revolusjon med våpen i hand.[16]

Den marxistiske revisjonisten Sætra
Mottakinga av Populismen i norsk sosialisme var ikkje eintydig positiv, og Sætra møtte mellom anna motstand for sine Marx-utlegningar. Desse utviklar han vidare i revisjonen av verket, Den økopolitiske sosialismen. Med grunnlag i kunnskap om sosiale og økologiske verknader av konsumkapitalisme og imperialisme ville Sætra fremje eit nytt perspektiv på ressursar, produktivkrefter og økonomi. Målet var «å komme fram til ein syntese av økopolitikk og sosialisme, for di eg trur det er den einaste realistiske overlevingsmodellen vi kan makte å bygge opp.»[17]
Sætra meinte at tradisjonell marxistisk teori gjev for tronge rammar for forståing av livsverda som basis i samfunnsutviklinga. Han ville utvide teorien til å gjelde økosystema som heilskap: «Marx har sagt at all politikk i siste instans er økonomi. Ein «populistisk» sosialist vil seie at all politikk spring ut av økologiske samanhengar.»[18] Av det fylgjer at naturressursane må få ein annan og langt viktigare plass i samfunnsbasisen enn den ortodokse marxismen har villa akseptere, skriv Sætra same stad.
Dette fekk han motbør for frå det han kalla «inkvisisjonen i Chateau Neuf», det vil seie dei «sufistiske» marxist-leninistane som hadde teke over talarstolen i Studentersamfundet:

«H. S. kallar seg marxist for di det er populært», blir det sagt. – I motsetnad til mange av dei som seier slikt, kalla eg meg marxist også i den tida da det var svært lite populært. Like fullt skal eg gjerne vedgå at eg ikkje er marxist dersom det er utenkeleg for marxismen å sameinast med ein brukbar økopolitikk.[19]

«Arbeidarane må inngå aksjonseinskap med bygdefolket, dei fattige på jorda og våre eigne etterkomarar»
I Populismen i norsk sosialisme er Hartvig Sætra medviten om at samanhengen mellom økologi og sosialisme ikkje er sjølvinnlysande. Han ser faren for at arbeidarklassen kan leggje større vekt på lønskamp for materielle gode enn på kamp for natur, miljø og rettferd. For å stogge egoisme og overforbruk i Noreg må fagrørsla difor få auga opp for kva løn og rettferd eigentleg er i eit globalt perspektiv, skriv han i Den økopolitiske sosialismen:

Reint grotesk blir det dersom lønnstakar-gruppene i vårt land skal kjørast fram under merkelappen «proletariat» saman med jordbruksarbeidarar i Brasil og hamnearbeidarar i Singapore. Ein avgrunn i forbruksstandard må telle meir til å skille kategoriane enn den felles lønnstakar-statusen kan samle dei.[20]

Fagrørsla må difor òg tenkje nytt om løn; lønskamp og lønsvekst som er konsumfremjande, og dermed natur- og miljøskadelege, er ingen tent med. Dette er sentralt i det marxistiske programmet til revisjonisten Sætra, som kan seiast å vere formulert i konsentrert form over to avsnitt på side 131 i Populismen i norsk sosialisme. I eit nytt lønsomgrep må sosiale og politiske aspekt òg telje med, som godt livsmiljø og god helse, tid til meir enn å arbeide, tilgjenge til levande natur, fråvær av forureining og auka livskvalitet og livslengde.
Ein populistisk lønskamp med eit slikt lønsomgrep vil vere framtida for arbeidarklassen, "fordi denne kampmodellen sikrar aksjonseinskap med bygdefolket, og i vidare forstand med dei fattige på jorda og våre eigne etterkomarar".[21] For Sætra vil dette vere ein absolutt føresetnad for ein fagleg kamp med eit betre globalt samfunn som mål:

Berre på eit slikt grunnlag kan det førast ein verkeleg revolusjonær kamp i tydinga kamp for kvalitativ endring av samfunnet. Ein revolusjonær kamp i vårt samfunn er ikkje Mauser-romantikk, eller dette at arbeidarklassen ved eit kupp overtar og styrer kapitalismens teknologi. Da vil arbeidarklassen lett komme i hendene på eit nytt byråkrati som styrer (eller blir styrt av) den kapitalistiske teknostrukturen.[22]     

For ideen om jamvektssamfunnet gjekk det frå vondt til verre då muren falt
I 1990 ga Sætra ut Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap, der han samanfattar utviklinga i kampen for rettferd, natur og miljø frå 1971 til samtida, og det utan å endre den sosialistiske grunnhaldninga si.[23] Det var eit paradoks for vitskapsmannen Sætra at dess meir overveldande dokumentasjonen av den globale krisa vart, dess sterkare vart òg dei økonomiske og politiske kreftene som no driv oss djupare og djupare inn i krisa: «Vi har ei jord som forblør, og resepten er meir årelating».[24]
Den boka var det færre som kjøpte; tidsanden hadde vorte ein heilt annan. Margaret Thatcher hadde liberalisert økonomien i Storbritannia, Ronald Reagan i USA, medan Mikhail Gorbatsjov hadde freista på noko liknande i Sovjetunionen. Muren hadde falle, og Francis Fukuyama meinte å sjå slutten på historia, som om verdsanden til Hegel hadde vunne den endelege sigeren.
Slik var det likevel ikkje, det veit me no, men Sætra såg det då han skreiv på Jamvektssamfunnet i 1989-1990: Så lenge den vestlege verda tviheldt på konsumkapitalismen som økonomisk orden, gira den opp med frihandel og marknadsliberalisme og ville eksportere dette sosialt og økologisk destruktive systemet til resten av verda, ville det ende med ufatteleg rikdom for nokre få, djup fattigdom for enda fleire og til slutt i ein økologisk kollaps med verknad for alt liv på jorda. Den erkjenninga tyngar Hartvig Sætra på ein langt meir pessimistisk måte i Jamvektssamfunnet enn i Populismen i norsk sosialisme:

Trass i pessimismen har eg, nærmast av gammal vane, sett opp ein del tiltak som må/bør settast i verk dersom vi skal få til eit globalt jamvektssamfunn. Dette for å halde lys i lampa, og ikkje gi seg heilt over. – Men sant og seie ser eg ikkje særleg von for jamvektssamfunnet. Trass i alle gode ønske, fromme ord og høgrøysta internasjonale seminar, er det «overlevingssamfunnet» vi er på veg mot. Med dei følgjer det får lenger fram.[25]

Nokre estetiske – og personlege – vurderingar
I bøkene sine argumenterer Sætra gjennomgåande for at sosial rettferd og økologisk jamvekt i samfunnsutviklinga er målet, medan sosialismen er middelet framfor andre. Slik eg ser det, er Den økopolitiske sosialismen  meir enn ein revisjon av Populismen i norsk sosialisme. Sjølv om desse verka har mykje fellesstoff, er det liten tvil om at Sætra – og kunnskapstilfanget hans - er inne i ein faglig, politisk og personleg utviklingsprosess mellom 1970 og 1973.
Det er vidare ei utvikling å spore frå 1971 til 1990 i det at Populismen i norsk sosialisme har eit grunnleggjande bygdekultur-grunnlag som er prega av høgst lokale døme og løysingar (tenkje lokalt, handle lokalt), samstundes som kunnskapsgrunnlaget er internasjonalt og rettferdstenkinga er global. Jamvektssamfunnet er på si side hovudsakeleg globalt orientert og grunngjeven med internasjonale døme og løysingar (tenkje globalt, handle globalt).
Tonen i Jamvektssamfunnet er òg mørkare enn i verka frå 1970-talet, noko som varslast allereie i det innleiande sitatet av den danske forfattaren Jørgen Knudsen: «Bliver I ikke trætte derude i miljøforeningerne? Det ser det nu og da ud til. Trætheden breder sig, oplevelsen af at være til grin.»
Var det slik Hartvig Sætra sjølv kjende seg i det litle og dels lukka lokalsamfunnet i Nordreisa på 1990-talet, langt frå den tonegjevande talarstolen i Studentersamfundet i 1968, langt frå fakkelbærande folkerørsler med ei Sak – og ikkje fullt ut verdsett for den livsoppgåva han hadde valt? Hadde han vorte den intellektuelle alarmisten som alltid glødde for ei sak, som i flammande ordelag talte fleirtalet midt imot, ein som bygdefolk rista på hovudet av når han snudde ryggen til?
Eg veit ikkje, men varslarar som Ibsens Dr. Stockmann står i ein utsett posisjon i norsk bygde- og småbykultur. Det har tallause forteljingar formidla til oss. Som for så mange andre radikale og engasjerte bygdeintellektuelle var nok tida for og tålmodet med Hartvig Sætra ute lenge før livsverket hans var ferdig. For meg som nyutdanna lektor og kollega, var han eit to-årig møte (1992-1994) [U1] med noko sterkt eg ikkje trudde fantes lenger, ein mann med heilstøypt integritet og ord og tankar som opna for ny innsikt og meining. Slike møter ein knapt på bygdene lenger; ljoset frå metropolane har lokka dei til seg.


[1] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 44.
[2] Op.cit. s. 115.
[3] I 2009 ga Fylkesmannen i Troms og Halti Nasjonalparksenter i Nordreisa ut rapporten Vegetasjonen i Reisavassdraget i Troms fylke som samlar Sætras årelange registreringsarbeid frå feltarbeid i Reisadalen.
[5] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 10.
[6] Ibid.
[7] Sjå òg Jupskås, Anders Ravik: Populisme på norsk. En typologi med belegg fra partilederdebatter 1973-2005. Masteroppgåve ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo 2008, s. 10.
[8] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 10.
[9] Op.cit. s. 131.
[10] Op.cit. s. 10.
[11] Op.cit. s. 36-37.
[12] Epokegjerande møte i Kirkenes Verdsråd i Uppsala i 1968 som vart prega av krav om ei ny rettferdstenking gjennom ei meir radikal sosialetisk orientering. Martin Luther King skulle vore hovudtalar, men han vart skoten før dette.
[13] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 37.
[14] Op.cit. s. 153.
[15] Sætra, Hartvig: Den økopolitiske sosialismen. Pax Forlag, Oslo 1973, s. 96.
[16] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 38.
[17] Sætra, Hartvig: Den økopolitiske sosialismen. Pax Forlag, Oslo 1973, s. 105.
[18] Op.cit. s. 99.
[19] Op.cit. s. 106.
[20] Op.cit. s. 158.
[21] Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme. Pax Forlag, Oslo 1971, s. 131.
[22] Ibid.
[24] Sætra, Hartvig: Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap. Det Norske Samlaget, Oslo 1990, s. 62.
[25] Op.cit. s. 280.